– Dette var supergøy og noko vi set veldig høyt. Det å sørge for at våre lærlingar får god, praktisk og matnyttig opplæring, er noko vi i Christie & Opsahl har hatt som fokus hele vegen. Det er viktig for oss at vi sørger for at dei er inkluderte i selskapet på lik linje med alle andre ansatte, noko vi også føler vi lykkast med. Lærlingane er ein viktig ressurs i bransjen vår, og ein ressurs vi vil forvalte på beste måte.
Det var Byggopp M&R, Opplæringskontoret for bygg- og anleggsteknikk, som nominerte bedrifta til prisen. I nominasjonen framhever dei samfunnsansvaret som bedrifta tar.
– Christie & Opsahl brenn for å utvikle nærmiljøet og tar ansvar for utplassering av elevar frå vidaregåande skole. Bedrifta legg æra si i å få ut dyktige og omgjengelege fagarbeidarar. Dei imponerer med sitt utrettelege arbeid for næringa, og går vidare inn i framtida med pågangsmot, vilje og evne til å få til ting, og med omsorg for alle som skal utdannast i bransjen. Mottoet deira er: «Tør å satse!» – og det gjer dei også for lærlingane, skriv Fredrik L. Klock, dagleg leiar Byggopp M&R, i nominasjonen.
Yrkesopplæringsnemnda, som er jury for prisen, stilte seg einstemmig bak nominasjonen og kåra moldebedrifta som Årets lærebedrift.
Klar strategi
Christie & Opsahl AS er ein stor entreprenør i Møre og Romsdal, med ein klar strategi om å utvikle og utdanne nye fagarbeidarar. Årets lærebedrift har vore aktiv lærebedrift sidan 90-talet. Dei er medlem av opplæringskontoret for bygg- og anleggsteknikk (BYGGOPP) og er godkjent lærebedrift i tømrarfaget og betongfaget.
Dei bidrar med rekruttering inn mot skolane, karrieredagar og har eigne opplegg for lærlingane i løpet av læretida. Lærlingane i bedrifta har høg gjennomføringsgrad og i tillegg blir ein stor del av prøvane avlagt med beste resultat.
For å bli Årets lærebedrift, må bedrifta:
- vere godkjent lærebedrift i Møre og Romsdal og ha lærling eller lærekandidat.
- ha ei positiv utvikling i talet på lærekontraktar eller stabil høg lærlingtettheit over tid.
- legge til rette for eit godt læring- og arbeidsmiljø.
- ha høg gjennomføringsgrad for lærlingar og lærekandidatar og få hevingar.
- kvalitetssikre læreforholdet gjennom dokumentasjon.